Hopp til hovedinnhold

PFU-sak 23-269NN mot Firda

Presseetiske temaer

Disse presseetiske temaene er tagget ved hjelp av KI. Dersom du ser noe feil, tips oss gjerne her.

Firda braut god presseskikk

Firda viste ikkje tilstrekkeleg omsyn til offeret for ei valdshandling då avisa publiserte ein video frå hendinga. Firda braut difor god presseskikk, konkluderte Pressens Faglige Utvalg (PFU).

Brudd

Felt på punkt i VVP

Øvrige punkter i VVP

PFUs uttalelse

Firda publiserte ein nettartikkel om at politiet etterforska to tilfelle av vald. I artikkelen var det lagt inn ein sladda video frå det eine tilfellet av vald. Videoen viste korleis ein person blei slengd, slått og sparka, også mot bakhovudet.


Klagar
:
Offeret for hendinga opplevde publiseringa av videoen som ei stor belasting, og viste til at mange visste kven det handla om, sjølv om Firda sladda personane. Klagar hevda brot på krava i Ver Varsam-plakaten (VVP) om å vere sakleg og vise omtanke i innhald og presentasjon, om aktsam bruk av bilete, og om å vise omsyn til korleis omtale kan verke på offer.


Mediet:

Firda opplyste at videoen blei fjerna etter at klagen var motteke, men avisa meinte å ha vist tilstrekkeleg aktsemd ved å sladde videoen og forvrenge lyden. Ifølge avisa omtalte ho eit samfunnsproblem på nøkternt vis, der videoen var dokumentasjon. Firda uttrykte forståing for belastinga klagar opplevde, men peika på at det ikkje var publiseringa i avisa som var sjokkerande, men den grove valden. Sjølv om klagar opplevde publiseringa som negativ, meinte Firda at søkelyset kan ha positive konsekvensar: «Ein offentleg debatt kan legge press på styresmaktene for å handtere problema», skreiv redaktøren.

PFU si vurdering:
Pressens Faglige Utvalg (PFU) understrekar at det er ein del av pressa si samfunnsrolle å informere om det som skjer i samfunnet og å avdekke kritikkverdige tilhøve, jf. VVP 1.4. Slik utvalet ser det, hadde Firda difor rett til å omtale og sette søkelys på den grove valden videoen avdekka.


Sentrale vurderingar

At noko har offentleg interesse, inneber likevel ikkje at det er fritt fram å publisere alt. Det er heilt sentralt at publiseringar av denne typen innhald bygger på gjennomtenkte vurderingar av kva slags informasjon publikum treng, og omsynet til direkte råka som offeret i den aktuelle saka. PFU minner om at presseetikken mellom anna er til for å hindre at menneske som allereie er hardt råka, blir påført ytterlegare unødige belastingar.


Å vise omsyn

Som PFU har peika på tidlegare, kan det å vise omsyn mellom anna innebere at redaksjonen kontaktar dei omtala og direkte råka før publisering. Det handlar ikkje om at media må hente inn samtykke til publisering, men at råka partar skal få høve til å kome med opplysingar som kan vere relevante for redaksjonen når ein skal gjere vurderingar om publisering. Utvalet kan ikkje sjå at det blei gjort i dette høvet.


Krevjande situasjon

Som det går fram av VVP 4.12, gjeld dei same krava til aktsemd ved bruk av bilete som ved skriftleg og munnleg framstilling. Og jamfør VVP 4.6 skal media vise omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer. Den publiserte videoen viste klagar i ein svært krevjande og audmjukande situasjon, som Firda burde ha skjøna kunne ramme hardt. Slik utvalet ser det, skulle Firda difor vist større omsyn til klagar. PFU registrerer at Firda fjerna videoen etter at klagen blei motteke, men kan ikkje sjå at det veg opp for det opphavelege overtrampet.

Firda har brote god presseskikk på punkt 4.6 i Ver Varsam-plakaten.

Oslo, 31. januar 2024

Anne Weider Aasen,
Ellen Ophaug, Stein Bjøntegård, Gunnar Kagge,
Nina Fjeldheim, Øyvind Kvalnes

Relaterte saker

Vis saker med samme:

Se alle saker vurdert på samme punkt i VVP
Til presse.no

Dette er en betaversjon, som skal videreutvikles. Tips om feil og forbedringer kan sendes inn her.

PFU